STARTE BEDRIFT

Ynskjer du å starte eiga bedrift men er usikker på kvar du skal byrja? Har du ein idé som du trur har potensiale, men treng hjelp for å utvikle ideen og ta den vidare? Då kan HAFS Utvikling hjelpe deg. 

HAFS Utvikling er næringsapparatet i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund. Vi gjev råd og støtte til deg som ynskjer å etablere verksemd i regionen. Denne tenesta yter vi på vegne av dei fire HAFS-kommunane, og rådgjevinga er gratis. 

Kva kan HAFS Utvikling hjelpe med?

HAFS Utvikling hjelper deg gjennom heile prosessen med å etablere verksemda. I dette inngår:

  • Rådgjeving om idéutvikling og etablering
  • Utarbeiding av forretningsplan, forretningsmodell, budsjett og marknadsplan
  • Hjelp med å finne kontorplass
  • Rettleiing i høve til finansering, støtteordningar og investorkapital
  • Kontaktar med nasjonale og regionale aktørar
  • Tilgjengeleg etablerarkontor i ein periode

Alle tilsette i HAFS Utvikling har teieplikt og alle førespurnader vert difor handsama konfidensielt. Unntaket er vedtak om tildeling av tilskot frå næringsfondet. Slike vedtak skjer etter delegert mynde frå kommunane, og vil difor vere offentlege. 

Næringsfond og nettverk

HAFS Utvikling forvaltar kommunane sine næringsfond som eit samla regionalt fond. Her kan du søkje støtte til både forprosjekt, utviklingsarbeid og investeringar. Meir informasjon om næringsfondet finn du her.

Dersom bedrifta di har potensiale for vekst kan HAFS Utvikling hjelpe til med eit breitt nettverk på både nasjonalt og regionalt nivå. Vi samarbeider til dømes med Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane fylkeskommune sin næringsavdeling. Gjennom dette nettverket kan du får ekstra hjelp med finansiering, mentoring og kurstilbod.

Kontakt

Ta gjerne kontakt med oss på HAFS Utvikling for ein uforpliktande samtale.