Omstilling Askvoll

Askvoll kommune er i perioden 2011-2016 tildelt omstillingsmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Føremålet med omstillingsprosjektet er arbeidsplassvekst og tilflytting.

Omstillingsstyret, med representantar frå Askvoll sitt kommunestyre og næringsliv, er ansvarleg for prosjektet. I juli 2015 vart omstillingsprosjektet sin prosjektleiar og delprosjektleiar tilset i HAFS Utvikling, som vil rapportere til omstillingsstyret. Prosjektet blir avslutta i desember 2016.

Omstillingsprosjektet har eiga heimeside.

For meir informasjon om omstillingsprosjektet, kontakt prosjektleiar Britt Hansen (britt.hansen@hafsutvikling.no, tlf. 948 70 010).