Om HAFS Utvikling

HAFS Utvikling AS ønskjer å vere næringslivet i Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund sin støttespelar for utvikling og auka verdiskaping. Selskapet har som føremål å fremje vekst i næringslivet, og som følgje av det skape folkevekst i HAFS-regionen.

HAFS Utvikling AS vart skipa i 2015. Selskapet er eit dotterselskap under Lutelandet Utvikling AS. Kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund og Lutelandet Utvikling AS har inngått ein gjensidig forpliktande avtale om å tilføre selskapet kapital til drift, regionalt prosjektarbeid og forvaltning av dei kommunale næringsfonda. Målet er å skape eit regionalt utviklingsselskap med godt rotfeste i næringslivet og større evne til spesialisering, nettverksbygging og målretta regionalt utviklingsarbeid enn eit oppdelt tiltaksapparat ville ha hatt.

Eigarskap

HAFS Utvikling er eigd av Lutelandet Utvikling AS. Fylkeskommunen eig 48% av Lutelandet Utvikling, Fjaler kommune 34% og Hyllestad, Askvoll og Solund kommune 6% kvar. Styret i Lutelandet Utvikling AS er generalforsamling i HAFS Utvikling AS. Meir informasjon om Lutelandet Utvikling AS finn du her.

Styret

Styret i HAFS Utvikling AS er:

Johnny Haugsbakk (styreleiar)
Irene Bøe (nestleiar)
Terje Bjaanes (styremedlem)
Morten Askvik (styremedlem)
Rolf Eide (styremedlem)

Strategi

HAFS Utvikling sitt styre vedtok i mars 2016 ein 4-årig strategi som set retning for arbeidet. Det vert også utarbeida ein årleg handlingplan.