Marknadsføring av ledig industriareal

Hyllestad Næringspark er etablert som næringsareal i HAFS-regionen.

HAFS Utvikling er i gang med eit prosjekt for å få kartlagt industri- og næringsareal i HAFS.

Det skal skje gjennom samarbeid med kommunar og private grunneigarar. Vidare skal ein sjå på korleis ein skal marknadsføre dette mot nye satsingar og etableringar i regionen.

Første steg er å få oversikt på gjeldande areal- og reguleringsplanar og det som er av private eigedomar og utviklingsplanar. I den samanheng etterspør vi no hos private kva dei har av etablerte bygg og om ein har utviklingsplanar på eigedomane.

Ønskjer de som private grunneigarar å vere med i prosjektet så ta kontakt med Linda Hovland.

E-post: linda.hovland@hafsutvikling.no
Tlf: 990 17 852