VRI4- midlar til forsking og utvikling i næringslivet

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar som skal mobilisere og motivere bedrifter i fylke til å bruke meir forsking og utvikling (FoU) i utviklingsarbeidet sitt.

Prosjektet VRI4 skal rekruttere og mobilisere til FoU. Det er to typar støtteordningar å søkja på: FoU-startpakken og støtte til mindre prosjekt. I FoU-startpakken kan bedriftene få dekka utgifter til hjelp fram til ein søknad om FoU-midlar.

Dette er ein startpakke for å avdekke om utviklinga har eit FoU-potensiale, kva utfordring/problem som hindrar måloppnåing. Ein kan nytte midlane til å finne mogelege løysingar, samt analysere realismen i ideeane.

Samla så kan ein få ut kr 140 000,- i støtte, der desse er knytt opp til dei ulike trinna i innovasjonsprosessen.

Vi oppfordra alle med utviklingsplanar  innan dei 4 målgruppen for ordninga, å sjå om dette er noko ein kan nytte seg av.

 

Målgrupper for VRI4 er bedrifter og nettverk i Sogn og Fjordane. Bedriftene skal høyre heime i verdikjeder med aktivitetar innanfor desse tematiske satsingsområda:

  • Fornybar energi
  • Landbruk
  • Reiseliv
  • Sjømatnæringar

Ordninga er aktuell for bedrifter og nettverk som treng hjelp til å kome i gang med forsking og utvikling (FoU). FoU-startpakken dekkar kjøp av innovasjonsprosessleiar (prosjektleiar for arbeidet) og dei fire fyrste trinna i innovasjonsprosessen + organisering og skriving av FoU-søknad. Trinna er illustrert med gult i bildet.

Utfyllande informasjon finn du på fylkeskommunen sine nettsider