Tilskot til omstilling

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Det er i 2016 sett av 20 millionar kroner til omstillingstiltak for leverandørindustrien knytt til petroleumssektoren på Sør- og Vestlandet. Aktørar i Sogn og Fjordane kan søke om midlar.

Midlane har som hovudmål å medverke til å realisere flest mogeleg konkrete tiltak og prosjekt for å møte utfordringane i petroleumsindustrien. Midlane skal brukast målretta både til å handtere konsekvensane av auka arbeidsløyse som fylgje av permisjonar og oppseiingar i petroleumssektoren, og til å styrkje og vidareutvikle bedrifter innan sektoren. Forsterking, fornying og nyskaping er underliggande utviklingsstrategiar for verkemidlane.

Ordninga omfattar fylka frå Aust-Agder til Møre og Romsdal. Offentlege og private aktørar, klynger og bedriftssamanslutningar, og andre organisasjonar med prosjekt og tiltak knytt til omstillingsutfordringane for leverandørnæringa til olje- og gassindustrien kan søke.

Søknader som er mottatt innan onsdag 1. juni vil bli handsama samla. Søknadar som kjem inn etter denne datoen blir vurdert fortløpande.

Meir informasjon om ordninga finn ein her

 

Tekst: Sogn og Fjordane fylkeskommune