Styrearbeid i HAFS-regionen under lupa

Vegard Skår, prosjektingeniør i DOF Subsea Norway AS.

Vegard Skår, prosjektingeniør i DOF Subsea Norway AS.

«Forsking på styrearbeid i små og mellomstore verksemderi HAFS-regionen» er tittelen på ei masteroppgåve som Vegard Skår arbeider med ved Nord Universitet i Bodø. Oppgåva skal vere ferdig til utgangen av 2016, og omfattar ei nærare undersøking av styreaktiviteten i aksjeselskap med meir enn 3 tilsette i dei fire kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund.

Vegard Skår er i dag tilsett som prosjektingeniør i DOF Subsea Norway AS, og har i heile si yrkeskarriere vore knytt til oljeretta aktivitet i Nordsjøen. No har han planar om å flytte heim til Sunnfjord og Fjaler, og gjennom masteroppgåva ved Business School i Bodø (Nord Universitet), vil han skaffe seg betre innsikt i korleis næringslivet i heimeregionen fungerer.

- Vi høyrer jo ofte at eit velfungerande styre er verksemda sin viktigaste strategiske ressurs, seier Vegard Skår.

- Eg vil gjerne finne ut korleis dette står til vår region - korleis vert styrearbeidet gjennomført, kva prosessar involverer styra seg i, kor mange møte har dei i året, og kva slag saker vert drøfta?

- I oppgåva vil det også vere eit poeng å samanlikne stoda i HAFS-regionen med resten av fylket og landet for evt. å finne interessante skilnader, seier Skår som har forplikta seg til å delta på frukostmøte med dei næringsdrivande rundt om i regionen for å formidle resultatet av undersøkinga.

Oppgåva vert gjennomført i nært samarbeid med HAFS Utvikling, og dagleg leiar Anders Lien ser berre positive sider ved eit slikt samarbeid som Vegard Skår har invitert til.

- Så sant spørsmålsstillingane er relevante for vårt arbeid og oppgåveskrivarane er seriøse og ynskjer samarbeid om gjennomføring og tilrettelegging, så stiller vi gjerne opp som samtalepartner og tilretteleggar, avsluttar Lien.