Gode resultat for Dale vgs

Statistikk frå Utdanningsdirektoraret. (Klikk på biletet for utvida informasjon.)

Utdanningsdirektoratet lagar kvart år ein brukarundersøking mellom lærarar og elevar i vidaregåande skular. Årets utgåve fortel at Dale vidaregåande skule ligg godt over snittet både i Sogn og Fjordane og i landet. 

Resultata frå undersøkinga viser at Dale vgs ligg over gjennomsnittet på åtte område og nøyaktig på gjennomsnittet på fire område. (Klikk på biletet til høgre for detaljert statistikk.)

Gro Fivelsdal, rektor på Dale vidaregåande skule. Foto: Privat

- Resultatet på elevundersøkinga er svært gledeleg, og det er inspirerande for Dale vgs, seier rektor på Dale vgs Gro Fivelsdal.

Elevane i sentrum

Undersøkinga vert gjennomført kvart år og Dale vgs har skåra høgt i fleire år. Skulen er opptatt av det gode læringsmiljøet som både stimulerer det faglege og det mellommenneskelege.

- Vi set elevane i sentrum. Dei vert høyrde når dei kjem med innspel, det er liten avstand mellom elevar, lærarar og leiing, og dermed lett å ta kontakt og byggje gode relasjonar, seier Fivelsdal.

Kan bli endå betre

Til trass den gode skåren arbeider Dale vgs heile tida aktivt med å bli endå betre. "Vurdering for læring" er det felt som skulen kan bli betre på.

- Det gjeld å motivere elevane til eigeninnsats og då er gode framovermeldingar og klare vurderingskriterium viktige, avsluttar Fivelsdal.

Du finn meir informasjon om undersøkinga på Dale vgs si heimeside.