Reto Reinhald - ei bedrift i utvikling

Erlend framfor ein av firmabilane

Erlend framfor ein av firmabilane

I starten på 2016 var Erlend Hatleberg ute og søkte etter reinhaldsbyrå for å utføre tenester for Heggebø Eigedom AS Leirvik i Sogn. Det viste seg å bli ei utfordring. Jaja, tenkte Erlend. "Kanskje eg kan starte reinhaldsbyrå sjølv?" 

Slik oppsto ideen om Reto Reinhald. Erlend sjølv er tilsett ved Havyard Ship Technology så det var ikkje eigen arbeidsplass han var ute etter. Første tilsetting vart gjort i 2016. Karina Fleten viste seg å vere særs dyktig i jobben så det vart ikkje vanskeleg å skaffe oppdrag. I dag, vel eit år etter har bedrifta fleire bedriftsavtalar og over 20 private som kjøper tenester. Dei har faste avtalar i heile HAFS og Førde. Enoro i Dale, Grandane feriehus i Stongfjorden, Rein Design og Terra Resources i Førde, Pecom i Flekke og Firda Sjøfarmer på Sørbøvåg er å finne i portefølgja til Reto Reinhald.

Sikkerheit i høgsetet

Sikkerheit i høgsetet

Noko av det Erlend er opptatt av er at dei tilsette skal ha trygge og sikre arbeidsplassar og har frå første tilsetting  hatt avtale med Stamina på HMS-tenester. Reto Reinhald tilset i desse dagar sin 3. arbeidstakar og har nettopp flytta inn i nye lokaler i Dale og er på leit etter lokale i Førde.

I tillegg til reinhaldstenester så samarbeider Reto Reinhald med Premiere Produkter på reinhaldsutstyr  og leverer toalettpapir, tørkepapir og anna materiell som komplementerer tilbodet. Desse held også kurs for tilsette sette slik at ein sikrar rett bruk av utstyr og god fagkompetanse.

Reto Reinhald er eit underbruk av Heggebø Eigedom AS, men utviklinga og veksten er slik at ein vurdere å skilje aktiviteten ut i eige selskap. 

Det er lagt ned mykje tid til marknadsføring og sal samtidig som ein har hatt fokus på å bygge stein på stein og levere god kvalitet på tenestene. Dette får ein betalt i form av nye oppdrag. Det kan sjå ut som bedrifta har lyse utsikter til å vekse innan etablert produktspekter men også på andre områder. Når HAFS Utvikling var innom så var det for å diskutere nye produkt til nye marknader. Det blir spennande å følge Reto Reinhald vidare dei neste åra. Når vi for ut dørene hasta Reto Reinhald ut på oppdrag for ein privatkunde som hadde selt huset sitt og trong nedvask.

Er du nyskjerrig på bedrifta og kva dei kan tilby så finn du dei på  Facebook

I Reto Reinhald sine lokaler i Dale med lager og vaskemoglegheiter for utstyr. I bakkant er det bygd kontor.

I Reto Reinhald sine lokaler i Dale med lager og vaskemoglegheiter for utstyr. I bakkant er det bygd kontor.