Oppdatering hydrogenprosjekt

Sogn og Fjordane fylkeskommune satte på forsommaren i gang ei kartlegging og analyse av mogelegheitene for å etablere ei lokal nullutsleppsverdikjede basert på hydrogen som energiberar. Fylkeskommunen tok utgangspunkt i maritim sektor, men det er òg aktuelt å kartlegge andre mogelege bruksområde. Her finn du ei oppdatering frå fylkeskommunen på framdrifta av prosjektet.

Jan Heggheim, fylkesdirektør for næringsavdelinga på Sogn og Fjordane fylkeskommune. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Bakgrunn

Grunnstoffet hydrogen finst det mykje av i naturen, til dømes i vatn.  Framstilling av hydrogen kan mellom anna skje i ein elektrolyseprosess, der ein spaltar vatn ved hjelp av elektrisitet. Sogn og Fjordane er rikt på fornybare energikjelder som vasskraft, vindkraft, tidevatn og bølgjekraft. Produksjon av hydrogen kan difor skje med utgangspunkt i ei fornybar energikjelde.

Hydrogen kan nyttast som drivstoff til brenselceller, ein teknologi som produserer elektrisitet ved å omdanne hydrogen og oksygen til vatn i ein elektrokjemisk prosess. Hydrogen kan òg verte brukt som drivstoff i forbrenningsmotorar med null utslepp av klimagassar. Etterspurnaden etter hydrogen som energiberar vil difor truleg auke i åra framover, då det kan redusere behovet for fossil energi i land som Tyskland, Japan og USA. 

Særleg innanfor land- og sjøbasert transport vil det vere eit stort potensiale for å ta i bruk hydrogen- og brenselcelleteknologi, både med tanke på utsleppsreduksjon og næringsutvikling for aktørane i dei aktuelle verdikjedene.

Kartlegging i regi av fylkeskommunen

På bakgrunn av dette har Sogn og Fjordane fylkeskommune sett i gong ei kartlegging og analyse av ei lokal maritim nullutsleppsverdikjede basert på hydrogen som energiberar. I samband med denne vart det arrangert eit informasjonsseminar om hydrogenteknologi på Hellenes Verft i Førde 9.september, der det var over 60 deltakarar frå næringslivet, verkemiddelapparat, FoU-institusjonar og det offentlege. 10 bedrifter deltek i studien, og sluttrapporten vert lansert på Maritim Foreining sitt nettverksmøte 17.november, som er opent for alle interesserte.

Hydrogenbasert verdikjede – førebelse funn

Ein hydrogenbasert maritim verdikjede føreset bruk av fornybar energi i produksjonen av hydrogen, lagring og distribusjon, sikker handsaming, utbygd infrastruktur for tanking på land/sjø, tilgjengeleg hydrogenteknologi eller hybride løysingar innanfor fleire bruksområde og til slutt ein marknad. I kartlegginga har vi òg lagt vekt på  utdanning og kompetanse som krevst i ein slik verdikjede.  

Førebels tilseier kartlegginga at fleire bedrifter og aktørar i fylket har mulegheit til å ta i bruk eksisterande hydrogenteknologi i maritime applikasjonar, til dømes innanfor skipsdesign og verftsindustrien, men at produksjon av hydrogen ogden maritime sluttmarknaden framleis er mellom dei ledda i verdikjeda som er minst modne. Sogn og Fjordane har særleg gode føresetnader for å produsere hydrogen i større og mindre skala frå fornybar energi, men infrastrukturen er lite utbygd og heimemarknaden for liten til at kommersiell utnytting av hydrogenteknologi i maritime applikasjonar er lønsamt i dag.

Ein maritim nullutsleppsverdikjede basert på hydrogen som energiberar krev difor 1) storskala produksjon av hydrogen, 2) utbygging av infrastruktur i offentleg regi eller i tette offentleg-private samarbeid og 3) ein større geografisk (eksport)marknad der òg andre bruksområde bidreg til å auke etterspurnaden, til dømes landtransport og lokal energiforsyning.  

Vegen vidare – interessentkartlegging

Parallelt med studien som no går føre seg og fram til lanseringa av sluttrapporten 17.november, vil fylkeskommunen kartlegge alle mulege aktørar, frå alle mulege bransjar, som ønskjer å kople seg på ei strategisk industrisatsing på hydrogen framover. Ei slik satsing kan til dømes gå ut på å:

  • få opp stor- og småskala produksjon med tanke på å etablere fylket som ein eksportør av hydrogen.
  • utforske fleire hydrogenbaserte verdikjeder, td. energiforsyning, havbruk og fiskeri, landtransport.
  • inngå offentleg-private samarbeid for å teste ut og kommersialisere hydrogenteknologi.
  • etablere eit utdannings- og kompetansetilbod i fylket som støttar slike hydrogenbaserte verdikjedar.  

Fylkeskommunen vil presentere eit meir konkret forslag til vidare organisering og framdrift i samband med sluttrapporteringa 17.november.

Inntil vidare oppmodar vi alle som er interesserte til å ta kontakt og registrere seg hos fylkeskommunen ved rådgjevar Elisabet Kjerstad Bøe: Elisabet.Kjerstad.Boe@sfj.no eller 91591548.  Denne invitasjonen går ut via alle næringsselskapa og partnarskapen i fylket.

 

Jan Heggheim, Fylkesdirektør for næring

Svein Arne Skuggen Hoff, Fylkesdirektør for plan og samfunn

Elisabet Kjerstad Bøe, Rådgjevar