Ny avtale for Avans AS

Magnar Høyvik, dagleg leiar i Avans AS. Foto: Avans AS

Magnar Høyvik, dagleg leiar i Avans AS. Foto: Avans AS

Avans AS i Dale har signert avtale med Euroskolen AGIL AS om bruk av Ad Opus som nytt oppfølgingsprogram i Euroskolen. "Dette er ein viktig milepæl i vår satsing mot denne marknaden," seier dagleg leiar i Avans AS Magnar Høyvik.

Euroskolen har sidan 1993 arbeidd med utvikling og gjennomføring av arbeidsmarknadskurs samt individuell rådgjeving til arbeidssøkjarar. Selskapet si oppgåve er å bidra til at fleire kjem i arbeid. 

Euroskolen er ein av dei store anbodsvinnerane i oppfølging og avklaringstiltaka i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. Denne avtalen varer 3+1 år og den estimerte verdien i Møre og Romsdal er 46 millionar kroner. Kontrakten i Sør–Trøndelag har ein estimert verdi på 130 millionar kroner. Selskapet hadde i 2014 ei omsetning på 29 millionar kroner, og med dei nye avtalane forventar dei ein betydeleg auke i 2015/2016.

«Euroskolen AGIL AS har hatt ein grundig prosess i samband med innkjøp av ny oppfølgingsprogramvare, og er godt nøgd med valet av leverandør. Vi ser frem til å samarbeide med Avans AS i åra framover», seier dagleg leiar i Euroskolen Anne Stavelie.

Løysinga vil gradvis verte teken i bruk ved alle selskapet sine avdelingar – no fyrst med oppstart på hovudkontoret i Trondheim. I tillegg til Trøndelag har Euroskolen verksemd i Hedmark, Nordland, Oppland og i Møre og Romsdal.

 

Om Avans AS

Avans AS er eit lokalt eigd selskap med hovudkontor i Dale og avdelingar i Bergen og Antalya, Tyrkia. Selskapet er ein av marknadsleiarane innanfor leveranse av programvare og tenester til rehabiliterings- og attføringsbransjen i Norge. Programvaren til Avans AS har 30% marknadsandel innanfor rehabilitering og 50% marknadsandel innanfor attføringsbransjen i Norge. Programvaren er basert på moderne teknologi og forretningslogikk som gjer systemet fleksibelt for vidareutvikling i takt med kunden sitt behov og dei politiske rammevilkåra.