Nytt consortium på Lutelandet

Tre verksemder frå Sogn og Fjordane og to frå Sunnmøre går no saman for å stå sterkare i ein tøff oljemarknad. «Vi ønskjer no å konkurrere om større jobbar enn vi kunne ta kvar for oss», seier dagleg leiar i Sunnfjord Maritime Consortium (SMC), Anette Traa.

Fra venstre: Morten Borøchstein-NOG, Anette Traa-SMC, Åsmund Teigen Våge-Vertikal Service, Kay Ove Johansen-NOG, Tommy Ølmheim-Safeclean, Ole Jørgen Skaar-SMC, Røy Arve Ørnehaug-Safeclean, Klaus-Dieter Edler-Selstad, Anne Britt Hugøy-SMC, Kjell Johannessen-Safeclean, Oddbjørn Nes-Vertikal Service.

Dei fem bedriftene det dreier seg om er Norwegian Group AS og Vertikal Service AS i Volda, Selstad AS iMåløy, SafeClean i Høyanger og Sunnfjord Maritime Consulting AS på Lutelandet i Fjaler.

Nytt namn

Det siste selskapet skifter namn til Sunnfjord Maritime Consortium AS og blir felles sals-, planleggings- og engineeringsselskap for alle verksemdene. Dei fire andre selskapa går inn på eigarsida i SMC og blir likeverdige eigarar med dei opphavlege eigarane i selskapet.

«Saman kan vi tilby eit bredt spekter av tenester til oljemarknaden, men også til maritim industri og tilenergimarknaden», seier Traa.

SMC held i dag til på Lutelandet, og det er her selskapet framleis skal halde hus.

«SMC vart starta av folk i Ytre Fjaler med eit mål om at mest mogeleg av verdiskapinga på  det som no kjem på Lutelandet skal ligge att lokalt.» Traa seier at dette framleis er målet, og at det difor var heilt naudsynt å få tilført selskapet meir kompetanse og større musklar. Når selskapet no får hovudkontor på Lutelandet er det med på å støtte opp om industriutviklinga her.

«Det vil vere eit mål for oss å både gjennomføre eigne prosjekt på Lutelandet og å støtte opp om andre som ønskjer å gjennomføre noko her. I tillegg gjer dette oss i stand til å stå sterkarei ein global marknad».

Brei kompetanse som utfyller kvarandre

SafeClean i Høyanger er i dag langt framme når det gjeld kjemisk reinsing av røyr, ventilar, pumper og liknande både offshore og på landanlegg innan petroleumsnæringa. Norwegian Group og VertikalService leverer tenester innanfor alle faggrupper og er begge spesialistar på planlegging og gjennomføring av arbeid i høgda og bruk av tau ved klatring i høge konstruksjonar både offshore og på landanlegg, medan Selstad tilbyr trosser, stropper, sjaklar og anna utstyr for tunge løft og saman med dei andre aktørane kan planlegge tunge og kompliserte løfteoperasjonar.

«Slik sett har selskapa kompetanse og folk som kan utfylle kvarandre».

Skipinga av det nye selskapet har skjedd med god hjelp frå PetroFlora, HAFS Utvikling og Innovasjon Norge si nettverksordning.

«Vi kan nesten seie at selskapet er eit produkt av Maritim Foreining Sogn og Fjordanes verksemd, fordi dei første tankane om dette oppstod då nokre av selskapa møttest på ei av foreiningas samlingar.»