Karrieremesse i Solund

Tysdag vart det arrangert karrieremesse på Solund Grendahus for elevane på Solund ungdomsskule.

Messa var eit samarbeid mellom skulen og HAFS Utvikling der om lag 35 elevar fekk treffe representantar frå både privat og offentleg sektor i kommunen. 

Arrangementet er ein del av skulen sitt utdanningsval, og elevane fekk med seg mykje interessant informasjon om kva mogelegheiter der er for arbeid i Solund.

Tysdag 9. februar er det tid for regional karrieremesse for HAFS i Fjalerhallen i Dale. Meir informasjon om den messa finn du her.