Invitasjon til karrieremesse

Ynskjer du å møte 600 lokale ungdommar, gje informasjon om bedrifta di og samtidig påverke deira karriereval? Då skal du booke stand til Karrieremessa i Fjalerhallen 9. februar.

600 ungdommar i alderen 13-19 år samlast i Fjalerhallen for å møte næringsliv og skaffe seg informasjon om kva karriereval dei har i HAFS. Ver med å påverk deira val ved å stille med stand og samla vise den breidda og alle dei spennande karrieremoglegheitene regionen kan by dei. Å starte rekruttering allereie på ungdomsskulenivå kan gjere ein forskjell når valet skal takast og lette tilgang på arbeidskraft i framtida.

PROGRAM KL. 10.00—14.00
Elevane vil gjennom konkurransar, oppgåver og temaseminar besøke din stand for å orientere seg om di bedrift. Aktivitet på standen tiltrekk seg ungdommen si merksemd, så vi oppfordrar dykk til å vere kreative og selge framtidige arbeidsplassar.

MELD BEDRIFTA PÅ ALLEREIE NO  FRIST 15. NOVEMBER
Størrelse pr stand: 3x3 m. Oppgje tal stand du treng. Stand er gratis.
Meld på til: linda.hovland@hafsutvikling.no
Praktisk tilrettelegging kjem vi tilbake til i god tid før messa.
Kontakt: Linda Hovland, mob: 990 17 852

MESSEAVIS
Vi gir ut eiga avis med fokus på rekruttering og karriere. Denne vert sendt ut til alle husstandar i HAFS i framkant av messa. Her kan du kjøpe deg annonseplass.

ARRANGØR
Gulen og Masfjorden Utvikling AS, HAFS Utvikling AS, Dale vidaregåande skule og Karriere HAFS.