Innspel til strategiplan

HAFS Utvikling AS Strategiplan 2016 - 2020

HAFS Utvikling AS har sendt utkast til selskapet sin strategiplan til dei fire næringsorganisasjonane i HAFS-regionen: Hyllestad Næringsråd, Askvoll Næringsutvikling, Fjaler Næringsutvikling og Solund Næringssamskipnad. Samt til dei fire kommunane sin administrasjon for politisk handsaming.

Alle som ynskjer å kome med innspel til HAFS Utvikling AS sin strategiplan 2016-2020 og Handlingsplan for 2016 vert oppfordra til å ta kontakt med sin næringsorganisasjon.

Frist for innspel er fredag 4. desember.