Industriseminar på Lutelandet

Jan Balstad (t.v.) og Stein Arne Ottesen.

Tysdag arrangerte HAFS Utvikling og Lutelandet Utvikling industriseminar på Lutelandet. Over 100 personar stilte for å få informasjon frå dei sentrale aktørane og kva dei tenker om framtida.

Styreleiar i Lutelandet Utvikling AS, Jan Balstad, opna seminaret med å fortele om den prosess som selskapet har vore igjennom sidan oppstartinga i 2005.  Det var mange møte med nasjonale aktørar før det vart avgjort om ei satsing på Lutelandet.

-          Vi vart fortalt at vi vil sjå fysiske resultat fyrst om 10 år, men det har gått fortare, sa Balstad.

Veolia ser på fleire prosjekt

Simon Davies, Veolia Environmental Service

Simon Davies, Senior Commercial Manager for Veolia Environmental Service, fortalte om Veolia og selskapet sine planar for Lutelandet. I tillegg til plattforma YME, som er forventa å kome til Lutelandet i løpet av sommaren eller tideleg haust, arbeidar Veolia med fleire prosjekt som kan bli aktuelle for Lutelandet. Men ingenting er ferdig ennå. På spørsmålet om Veolia vil bruke lokale bedrifter svarte Davies:

-          Veolia må bruke eigne tilsette til mange oppgåver grunna bl.a. sikkerheit, men vi vil òg bruke lokale underleverandørar.

Lutelandet Offshore og SAGA Fjordbase

I siste veka kom nyheita om samarbeidsavtalen mellom Lutelandet Offshore AS og SAGA Fjordbase AS i INC-gruppa. SAGA Fjordbase skal ansvara for drifta av prosjektbasen på Lutelandet og nyheita var sjølvsagt eit diskusjonstema på seminaret.

Geir Johannessen (t.v) og Tor Gjertsen.

Tor Gjertsen, dagleg leiar i Lutelandet Offshore, løfte fram tre viktige tiltak som det no vert arbeida med.

-          Vi held på å ferdigstille infrastrukturen for å ta imot plattforma YME. Vi har òg ei satsing på riggmarknaden som vi vonar kan gje nye oppdrag, kanskje allereie i mai i år. Til sist legg vi no også mykje tid på eit samarbeidsprosjekt, som er støtta av Innovasjon Norge, for å finne gode modeller for samarbeid med sentrale aktørar som til dømes INC-gruppa.

SAGA Fjordbase vil gjennom samarbeidsavtalen med Lutelandet Offshore gjennomføre alle oppdrag som til dømes logistikktenester, kranarbeid, transport, materialhandtering, sikring, marknadsføring og anbodsrekning.

Geir Johannessen, dagleg leiar på SAGA Fjordbase, poengterte at det er viktig for Lutelandet Offshore å utarbeidde ein skikkeleg generalplan for anlegget. Då kan Lutelandet tiltrekkje seg dei riktige prosjekta i framtida.

-          Lutelandet er unik fordi der finst ikkje liknande djupvatnskai i heile Sogn og Fjordane. I tillegg kan vindkraftparken her bli eit av dei aller beste i Norge, sa Johansen.

Vindkraft stor potensiale på Lutelandet

Stig Svalheim, administrerande direktør i Vestavind Kraft AS, fortalte at anbodsfasen for å etablere 10 vindturbinar på Lutelandet har starta, og i løpet av 2016 skal selskapet avgjere kva investering som må til for å realisere prosjektet. Det er forventa byggestart i 2017 og produksjonsstart i 2018.

-          No er det tøffare konkurranse rundt om i verda og det har gjort vindturbinane billigare. I tillegg har utviklinga gjort dei meir effektive. Vi har nokre utfordringar med å få krafta ut til marknaden, men vi håpar å løyse dette med utbygging framover, sa Svalheim.

Andre innspel

Det var stor interesse for å høyre om Lutelandet.

Vegard Frihammer, administrerande direktør i Greenstat AS, synleggjorde potensiala ved hydrogen og at Lutelandet har mogelegheit å ta ein posisjon i produksjonen av dette.

Dagleg leiar i Sunnfjord Maritime Consortium AS, Anette Traa, presenterte bl.a. selskapet sine ingeniørtenester innanfor maritime næringar og offshoreindustrien.

Anders Lien, dagleg leiar i det regionale utviklingsselskapet HAFS Utvikling AS, tydeleggjorde at HAFS Utvikling vil ha fokus på konkrete næringstiltak basert på næringslivet sine eigne tankar.