M/S Fram til Atløy og Værlandet

M/S Fram på besøk. Foto: Britt Hansen.

Hurtigruten sitt ekspedisjonsfartøy FRAM kjem søndag 4. oktober på besøk til Atløy og Værlandet i Askvoll kommune.

Skipet besøkte dei to øyane 18. mai, og gjestane var sers nøgde. No kjem skipet på nytt besøk med nye gjestar.

Ca. kl. 10.00 søndag 4. oktober vil FRAM ankre opp i Nervika på Atløy. Her blir passasjerane frakta i land med lettbåtar for å gå den gamle kyrkjevegen opp til Vilnes kyrkje (1674).

Lokalhistorikarane Kirsten Grane og Aud Elsa Grøneng vil ta i mot, og gje ei innføring i historia til både kyrkja og staden den ligg på. Hardingfelespelar Egil Furenes inviterar deretter til intimkonsert.

Før avreise får dei smake nygrilla kamskjel ved dei tradisjonelle sjøbuene i Nervika

Litt før kl. 15.00 ankrar skipet opp utanfor Værøyhamna. Her tek lokalguide Ruth Bakke i mot, og tilbyr eit mangfaldig program. Passasjerane kan velje mellom guida busstur i Værlandet og Bulandet, eller å bestige Alden.

Nokre vil helse på villsauene til Hilde Buer, mens andre skal innom Norsk Sjøfuglsenter og Engelbua, samt nyte kaffi og vaflar på kroa hos tante Gry (Leite) i Værlandet Gjestehamn. Anita Søreide tilbyr besøk i Fargestudio.

Vi ynskjer gjestane og mannskap velkomne!