På etablerarkontoret

Ingvild Kjøsnes på kontoret

Ingvild Kjøsnes på kontoret

Ingvild Kjøsnes etablerte Samspel i 2015 og var førstemann som hadde behov for å sitte i eit miljø ilag med andre for å utvikle bedrifta. No er ikkje Ingvild veldig glad i å sitte på ein kontorstol, men likar helst å vere ute i naturen med kundane og bidra til at dei får ein sunnare og betre livsstil. Men sjølv ein naturelskar kjem ikkje unna å måtte bruke tid på å tenke strategi og utvikling, eller å jobbe med budsjett, marknadsføring og sal. 

Ingvild i sitt rette element under ei gruppetrening i vinter

Ingvild i sitt rette element under ei gruppetrening i vinter

Samspel tilbyr utandørs styrketrening, opplevingsturar i mark og på fjellet, lavvoturar, kurs i å lage mat av det du finn i naturen, personleg trenar, kostrettleiing, bedriftstrening og mykje meir. Her får du info om all aktivitet du kan vere med på gjennom ein aktiv bruk av naturen. Kundane er både innan privat og offentleg sektor.

Ingvild dreiv Sampel i tillegg til anna jobb inntil juni i år, men har no tatt steget til å skulle leve av bedrifta på heiltid. Eit tøft val så rådgjeving, støtte og heiarop trengs frå fleire hald. Marknaden florerer av mange liknande konsept. Det å finne akkurat rette produkta, teste desse i marknaden og justere etterpå er noko av dei prosessane Ingvild har jobba med til no. Prising av produkt er også vanskeleg og ikkje minst kva må t.d. friluftsturar innehalde for at kundane er villig til å betale for dei?
Vi trur også at Ingvild har fått kjenne på det at døgnet berre har 24 timar og at innanfor desse skal alt gjerast av planlegging, sal, gjennomføring og administrasjon. Då er det viktig å fokusere på dei produkta som gir inntening og kanskje ikkje dei som er kjekkast for ein sjølv, reint personleg.

I vår region er det ikkje mange som tilbyr trening og kosthaldsrettleiing kommersielt og på heiltid, så vi tykkjer det er ei spennande satsing å følge. Vi oppfordrar alle til å ta ein kikk innom sida til Samspel på facebook og gjerne ta direkte kontakt med Ingvild for å sjekke ut tilbodet. Seinare i haust arrangerer Samspel friluftshelg med lavotur der mobil og internett skal vere avslått. Kanskje det er noko for deg?

Du finn Samspel på Facebook og Instagram