Etablerarkontor

Du som etabIerar har no høve til å nytte eit kontor i  vårt kontormiljø på Dale senter til utvikling, planlegging eller anna administrativt arbeid i etablerarfasen.

Vi i HAFS Utvikling vil då kunne bistå deg med tett oppfølging og rådgjeving om du har behov det dette.

Du vil vere i eit miljø med fleire bedrifter og personar som alle arbeider med utvikling og sal av produkt og tenester.

Kontoret er utstyrt med internett og ein kan koble seg til vår printer/scanner om det er ynskjeleg.

Du må sjølv ha med eigen pc, men der er ekstra skjerm du kan nytte.

 

Er du interressert i å vite meir? TA KONTAKT med Linda hos oss.

Ordninga vil fungere slik at kontoret vil vere tilgjengeleg for fleire i løpet av veka og vi avtaler med den enkelte kor mykje og kor lenge ein vil ha behov for å nytte det. 

Etablerarkvardagen kan vere einsam og spørsmåla mange. Ei slik ordning kan bidra til at ein bevegar seg raskare og meir målretta mot realisering.