Ein butikk for heile HAFS

– Før var det fokus på Askvoll og nærområdet som vår marknad. No kan vi i mykje større grad satse på heile HAFS regionen.

Dette fortel Herfinn Takle, dagleg leiar for Expert Askvoll. Han har merka stor endring sidan Dalsfjordbrua opna i 2013. For då opna det seg samstundes ein langt større marknad for butikken. Fjaler og Askvoll vart knytt saman, og ein treng ikkje lenger rutetabell og ferje for å besøke andre sida av Dalsfjorden.

Mange gler seg over brua, og næringslivet kanskje meir enn andre. Innbyggarane både i Askvoll og Dale kan no dra nytte av butikkar dei ikkje har i heimkommunen.

– Vi merka snart etter at brua kom at folk som budde på andre sida ville handle kvitevarer og andre elektronikkvarer hjå oss, seier Takle. Resultatet har blitt auka omsetnad og betra botnline. Og i desse dagar kjem det flyktningar til kommunen. Dei treng og kjøleskap og andre kvitevarer.

Alltid hjelp og få

Butikken har alltid hatt HAFS regionen som sin primærmarknad. Dei selde varer til sørsida, men det var veldig sporadisk. Lang reiseveg og bruk av ferje gjorde nok sitt til at salet frå sørsida ikkje var det heilt store. Men då brua kom merka dei raskt nærleiken til den andre sida av fjorden.

– Det er klart vi merka at spesielt Dale og Flekke har blitt ein meir tydeleg marknad enn det vi har opplevd før. Vi når ut til fleire på ein heilt anna måte enn det vi gjorde tidlegare, samstundes som dei også når oss i større grad. No er det jo mykje lettare å kome til Askvoll for å kjøpe seg ei ny vare, og vi får skapt ein ny kontakt med den andre sida.

 Tek kundar frå Førde

Elektronikk butikken opplever at stadig nye kundar oppsøker dei. Blide og hyggjelege folk kjem innom for å handle, både frå Dale og Flekke, men også lengre sør frå Sørbøvåg og Hyllestad. Når dei kjører forbi Dale er det mykje lettare å følgje vegen til Askvoll, enn å køyre heile vegen til Førde. Både sparar ein tid, men og kan ein køyre på ein ny og betre veg!  For Herfinn betyr dette nye fjes og nye namn i kunderegisteret. Og straumen av nye folk har ikkje stoppa opp enno. Kvifor har den ikkje det?

– Eg trur det handlar mykje om smitteeffekt, og om kor nøgde tidlegare kundar har vore. Hvis dei har vore nøgde med oss og sortimentet vi tilbyr, er det jo sølvsagt meir freistande og lettvint for nye kundar å smette ut til Askvoll for å handle elektronikk og kvitevarer, i staden for å reise til Førde. Det har vore svært viktig for oss.

Første året etter at brua kom auka omsetnaden i butikken med omlag 25%, og det har haldt seg stabilt i 2015. At brua hadde innverknad på dette, er ikkje Herfinn i tvil om.

– Salet har auka jamt på alle varer i vårt sortiment. Vi har eigentleg alltid hatt eit fullsortiment som Expert generelt har. Eg kan ikkje sei at omsetnaden har endra seg på spesielle deler av sortimentet, men salet har jamt over gått opp, seier Herfinn.

 Konkurranse frå netthandel

Expert Askvoll merkar sjølvsagt som mange andre elektronikkbutikkar konkurranse frå netthandelen. Lokale butikkar er avhengige av at varene vert selde i butikken, og ikkje via nettet. Butikkane får inga profitt av netthandel, då går fortenesta direkte til hovudkontoret i Expert kjeda. Om ein er frå Askvoll, Fjaler eller frå Hyllestad og handlar på nett, tener ikkje lokale butikkar som Expert Askvoll noko på salet. Det er ein utfordring for fleire butikkar i distrikta.

– Det eg opplever som positivt er at folk nyttar seg av internett for å finne produkt dei gjerne vil ha. Så kjem dei til oss og handlar. Vi opplever at veldig mange bruker nettet på denne måten: at dei finner produkt på nettet, kjem til butikken og fortel kva dei vil ha. Eller dei har ein viss ide på kva vil ha når dei kjem innom oss, men vel å handle lokalt. Det synes vi er veldig bra!

Herfinn er klar på at han synes det er svært kjekt at det stadig kjem nye personar og handlar i butikken. – Vi er veldig opptekne av å ha skape eit godt rykte i HAFS-regionen, og set veldig pris på at det stadig er nye kundar som oppdagar oss.

Flyktningar i Askvoll

Askvoll kommune skal ta i mot 17 flyktningar i 2015 og 15 i 2016. No vert det truleg mange fleire. Andre kommunar i HAFS skal og ta imot flyktningar, og busette dei rundt i kommunane. Dei fyrste har allereie kome, og fleire er på veg.

– Flyktningstraumen som er komen er ganske nytt for oss. Det er ikkje lenge sidan vi fekk dei første fem flyktningane til Askvoll. Det som er bra for butikken er at dette medfører leveransar til kommunane. For flyktningar treng utstyr tilheimane sine som andre folk. Leilegheiter må utstyrast med kvitevarer og nødvendig utstyr og då er Experten god å ha.

I mange av bustadane er det noko elektronikk og anna utstyr, mens andre måtte utstyrast frå botnen. I Fjaler og i Høyanger har butikkar levert utstyr både til flyktningmottak og til bustadar. Det er ikkje fritt for at einskilde flyktningbustadar både i Fjaler og Askvoll, samt flyktningmottaket har mangla noke utstyr som til dømes kjøleskap eller komfyr. Det er god «business» for Herfinn.

– Det har vore eit visst sal av slike produkt til Askvoll kommune, og det same til Fjaler i samband med dei flyktningane som er kome dit. Og; vi har også store leveransar til flyktningmottaket i Høyanger, fortel Herfinn.

I Høyanger blir ikkje utstyr tinga gjennom kommunen, då det er det privateigde selskapet Norsk Mottaksdrift som driv flyktningmottaket. Der er ein kapasitet på 150 personar. Men, anten flyktningane blir plasserte i bustadar eller på mottak, håpar Herfinn på fleire leveransar til desse. For flyktningane er med å auke omsetnaden for butikken.  

 Må levere på pris

Men leveransane til flyktningbustander er ikkje føreseielege eller langvarige. Butikken har ingen faste avtaler som til dømes å levere ut året.

- Vi får førespurnader når dei treng varer, fortel Herfinn. Det kan vere at Fjaler kommune treng fem kjøleskap, eller at Askvoll treng fire komfyrar. Dei vil jo sjølvsagt ha det billigast mogeleg, so då gjeld det for oss å gje dei ein best mogeleg pris.

Å få ordrar på leveransar handlar like mykje i distrikta som i sentrale strok om å vere konkurransedyktig. At butikken er med i Expert gjer det enklare både å bli vurdert som mogeleg leverandør - eller å i det heile teke kunne bli vurdert til å levere tilbod. Og når Expert Askvoll får leveransen, vert varene gjerne levert rett på døra; direktesendt frå lageret i Sverige.

–Vi tek det på same måte kvar gong, og gjev eit tilbod på det dei treng eller vil ha ut frå kravspesifikasjonar. På denne måten får vi og brynt oss på eigenskapane på produkta vi tilbyr. Då lærer vi meir, og held oss oppdaterte på dei produkta vi har.

Skal ein overleve må ein henge med. Det handlar om å vise at ein lokal butikk både kan vere konkurransedyktig og synlege i nærmiljøet. Eller kanskje meir korrekt: i regionen. Deretter er det berre å krysse fingrane, og håpe på at går rette vegen. Og det gjer det som oftast, fortel Herfinn Takle.

 Franchise på bygda

At elektronikk butikken i Askvoll er knytt opp til Expert som kjede, har mykje å sei for Herfinn. Expert er ein kjede som er aggressiv på pris og utval. Det at dei er flinke å profilere produkta sine gjennom tilbodsaviser og reklame, er til stor hjelp for å bli vurdert som leverandør for lokale franchisebutikkar.  Om butikken hadde vore med i ein mindre kjede, eller stod aleine, hadde ein måtte bruke meir krefter på å vise at ein er konkurransedyktig, både på pris og utval av produkt.

– Før vi vart med i Expert drog mange kundar heller til Førde og handla i dei større kjedene. No er det omvendt; det lønar seg ikkje å dra til Førde for å handle. Kunden kan få dei same varane lokalt - til konkurransedyktige prisar. Det er veldig kjekt for oss at vi kan vere ein del av ein marknad, utan å vere lokalisert i dei større og meir folkerike stadane.

- No har vi i Expert år etter år vist at 92% av varene våre enten var billigare eller hadde omtrent same pris som dei same produkta hos konkurrentane. At vi kan vere ein del av Expert, og i tillegg overleve utanfor dei største stadane i Noreg, er veldig kjekt for oss.

Å drive ein spesialforretning på bygda har sine fordelar og ulemper. Nettet har sin påverknadskraft, samtidig som direkte personhandel har sine fordelar.  Det er lett å køyre til Askvoll for å handle den Iphonen kunden lenge har vurdert å kjøpe, og greitt å få personleg rettleiing knytt til kva ein treng og ønskjer seg.

- Men vi er sjølvsagt avhengige av at folk brukar butikken, avsluttar Herfinn. Det er svært like prisar på produkt ein finn på nettet og det ein skal betale i butikkane. Dermed vil det ikkje spille den store rolla for lommeboka. Og det beste er: Det å drive elektronikkbutikk på bygda skaper nærare relasjonar enn det nettbutikkar kan klare å få til.

Askvoll Elektriske vart opna i 1994, som ein eiga og uavhengig elektronikk butikk. Seinare vart dei ein del av Expert, og Askvoll Elektriske blei Expert Askvoll.

 

Tekst: June Audsdotter Stafsnes

Foto: Reiakvam Foto