Strategiarbeidet for HAFS Utvikling

Møte med næringslivet i Solund. Foto: Mark Elvevåg

Møte med næringslivet i Solund. Foto: Mark Elvevåg

Dei fyrste vekene i september arrangerte HAFS Utvikling møte i dei fire kommunane Hyllestad, Askvoll, Fjaler og Solund for å få innspel til arbeidet med selskapet sin strategi og handlingsplan. Vi ynskjer å takke alle som kom og for gode innspel.

Vi har no oppsummert informasjonen og vil laga eit utkast til strategi. Utkastet blir sendt ut til næringslivet i løpet av oktober som då får mogelegheit å kome med nye innspel. Også kommuneorganisasjonane vil få mogelegheit å kome med innspel før HAFS Utvikling sitt styre vedtar strategien i desember. 

Dersom du har tankar og idear om HAFS Utvikling er du velkomen å ta kontakt med oss på tlf. 913 96 201 eller post@hafsutvikling.no.