Trådlaus i Dale

Jon Helge Nistad på kontoret sitt i Dale Senter.

Ein liten flik av den trådlause framtida vår vert skapt i 3. etasje på Dale Senter. Her har den norske verksemda Nordic Semiconducter ASA sitt «Sunnfjord Office». På Sunnfjordkontoret sit Jon Helge Nistad og utviklar programvare for pittesmå databrikker for verdsmarknaden.

Jon Helge og einmannskontoret i Dale kan verke både smått og harmlaust, men det norske morselskapet har både musklar og visjonar for framtidig vekst. Nordic Semiconductor hadde i 2014 ei omsetning på ca 1,2 milliardar kroner. Årsresultatet før skatt var på 182 millionar.

Brikker til heile verda

Brikkene til Nordic Semiconductor finn vi i dag itrådlause tastatur, fjernkontrollar, radiostyrte leikar, pulsklokker og anna sportsutstyr, men dette er berre byrjinga.

- Etter kvart vil dei fleste elektroniske ting rundt oss ha sin eigen radio og kommunisere saman via Internett, og det er her den store nyskapinga no skjer med hurtigtogsfart, seier Jon Helge.

Stadig nye bruksområde vert utvikla og nyskapinga skjer samstundes i mange tunge innovasjonsmiljø rundt omkring i verda. Jon Helge og Nordic
Semiconductor sin strategi er å ligge i front av denne bølgja og levere
avansert trådlaus kommunikasjon til stadig nye bruksområde.

Satellittliv i Sunnfjord

Jon Helge er sivilingeniør innan elektronikk og fekk jobb i Nordic Semiconductor i Trondheim straks han var ferdig på NTNU i 2006. Han flytta saman med kona og tre barn tilbake til Fjaler i 2011. Det var heimegarden på Nistad, kona sine røter på Grytøyra og gode oppvekstvilkåra for ungane, som var mest avgjerande for flyttinga. 

Datamiljøet i Dale gav Jon Helge ein viss tryggleik i flytteperioden, og han har har eit reflektert tilhøve til satelittlivet i Sunnfjord.

 - Eg satsa på at det ville dukke opp andre aktuelle jobbar dersom «The Sunnfjord Office»-konseptet skulle mislukkast. På den andre sida har eg vel ikkje sett nokon direkte «Silicon-Dale-effekt» sjølv om ingeniørtettleiken sjølvsagt aukar Fjaler-samfunnet sin attraktivitet, seier han.

Utfordringane med å vere lokalisert så langt borte frå hovudkontoret, er at Jon Helge ikkje lenger får uformell, gratis oppdatering rundt kaffimaskina.

De små kan bli større.

- I vår bransje, og særskilt i vårt selskap som har vakse frå 100 til 400 tilsette på få år, er det uhyre viktig å halde seg oppdatert på alt som skjer både i verksemda og i bransjen. Difor brukar eg ein del tid på å gå rundt med kaffikoppen og ta igjen det tapte når eg besøkjer hovudkontoret i Trondheim, fortel han.

Ynskjer teknisk arena for born

Når vi utfordrar Jon Helge på korleis vi lokalt kan legge betre til rette for hans type verksemd, tenkjer han seg godt om før han gjev oss resepten i to punkt.

- For det første burde vi ha meir fokus på ingeniørfag i skulen, både for å stimulere til meir ingeniørutdanning, men også for å kunne forstå dei store samfunnsendringane som teknologien vil føre til i vår tid. Det andre er at ei av dei største utfordringane i vår tid er å utvikle produkt og ting som kan utnytte trådlaus kommunikasjon på nye måtar. Verdiskapinga vil ligge meir i smarte ting enn i ny programvare. Difor hadde det vore kjekt med ein arena der born og unge kan vedhjelp av moderne teknologi, lage nytting og unyttige dingsar. Ein «Dingseskule» rett og slett, avsluttar Jon Helge.


Tekst: Per Arne Tveit

Foto: Agata Rotat