Å ta fagbrev er å ta kunden på alvor

Å arbeide i varehandelen idag er ein kjekk, sosial men også krevande jobb . Ved å ta fagbrev i sal og service får ein teoretisk og praktisk kompetanse som gir deg ekstra motivasjon til å gjere ein god innsats. 

Her ser du Frank etter bestått fagprøve. Han står i den vareeksponeringa han laga, som ein del av fagprøva.

Her ser du Frank etter bestått fagprøve. Han står i den vareeksponeringa han laga, som ein del av fagprøva.

Frank Fossmo, tilsett hos Malia i Askvoll tok fagbrev i sal og service i 2016.

Vi har tatt ein prat med han om fagutdanninga og om det var verd å bruke tid på.

Med 20 års erfaring innan detaljhandelsbransjen, både som drivar og tilsett, skulle ein tru at han ikkje hadde behov for meir kompetanse. På det spørsmålet svarar han:

"Alle som arbeider med handel burde ha dette kurset. Det å ha ein fagkompetanse på papiret gjer at ein har ein heilt anna tryggheit for eigen arbeidssituasjon. Reint fagleg får ein kunnskap om det som betyr noko for verdiskapinga på arbeidsplassen.

Ikkje minst er vareeksponering, kundebehandling og service viktig. Dette brukar ein mykje tid på i fagbrevet og fokuset ligg på at kunden skal ha ein god oppleving når ein handlar. Det betyr nødvendigvis ikkje at ein sel det billegaste produktet på marknaden, men at ein i dialog med kunden finn det rette produktet ut frå det behovet ein har.

Økonomiforståing, produktkunnskap og HMS er også tema i utdanninga, alle viktige faktorar for å kunne bidra til at butikkane i distrikta klarar drive i marknadane ein er etablert i.

Auka kompetanse gjer deg stolt, løftar sjølvtilliten og aukar motivasjonen så Frank oppfordrar fleire til å hive seg på denne utdanninga.

Hausten 2017 tilbyr Hafs Utvikling deg å ta kurset i eigen region. Meir informasjon finn du i kurskatalogen vår.

Butikkeigarane er avhengige av at alle tilsette bidreg på ein god måte og resultatet er direkte påverka av den enkelte tilsette sin innsats. 

Vi er mange som snakkar om at folk må bli flinkare til å handle lokalt, men det stiller krav til dei som arbeider i næringa. Ved å bidra til at dei tilsette får ta fagbrev kan bedriftseigarane og drivarane sikre at kundane får den servicen dei forventar.