NÆRINGSFOND

HAFS Utvikling vil ikkje lenger handsame søknader til næringsfondet i HAFS.  
 

Nye søknader kan du sende til den kommunen søkar eller bedrifta er heimehøyrande i. 
Saker som er tildelt midlar til kan rapporterast til HAFS Utvikling v/styreleiar advokat Jan Nicolai  Hvidsten, e-post: jnh@advokathvidsten.no

Søknader som er innsendt etter 02.11.2017 er oversendt den kommunen søkjar er heimehøyrande i, for handsaming.

 

Støtteordningar:

  • Investeringstilskot
    Det kan gjevast tilskot til investering i bygg, maskiner og utstyr.
     
  • Bedriftsutviklingstilskot
    Det kan gjevast støtte til utviklingskostnader, både ved etablering og utvikling av verksemd.
     
  • Tilskot til tiltaksapparat og kunnskapsretta infrastruktur
    Det kan gjevast støtte til regionalt samarbeid, etableraropplæring, samarbeid skule/næringsliv og lokale analyser og utgreiingar.
     
  • Arrangementstøtte
    Det kan gjevast støtte til arrangement som har som mål å marknadsføre og utvikle regionen.

For utfyllande informasjon, sjå vedtektene for næringsfondet. I tillegg til vedtektene ligg strategi og handlingsplan for HAFS Utvikling som grunnlag for vurdering av søknader. 

Søknadsskjema

Alle søknader må sendast inn via: www.regionalforvaltning.no.

Dersom det er fyrste gongen du søkjer Næringsfondet må du fyrst registrere bedrifta, organisasjonen eller deg sjølv. Dette gjer du i menyen til venstre på Regionalforvaltningen si heimeside.

Etter du har logga inn, klikka på "Ny søknad" og valt fylke skal du velje støtteordning. Skriv du "HAFS Utvikling" i søkefeltet og klikkar, kjem du direkte til rett støtteordning:  "Kommunalt næringsfond (HAFS Utvikling)". 

Ta gjerne kontakt med oss før du sender søknaden din.