Hafs regionråd

HAFS Utvikling leverer sekretærtenester til HAFS Regionråd.

HAFS Regionråd er eit samarbeidsorgan mellom kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Gulen. Dei fem ordførarane har stemmerett i rådet. Rådmennene har tale og forslagsrett, og deltek på møta.

Regionrådet sine føremål er å:

  • utvikle HAFS-regionen gjennom større grad av forpliktande samarbeid
  • vere ein uformell møtestad mellom kommunane som styrkar den regionale identiteten og kontakten mellom aktørane
  • vere kommunane sitt felles ansikt utad i regionale saker
  • ivareta interessene til regionen overfor fylket, staten og andre organ på regions-, fylkes- og riksplan
  • pofilere HAFS som eit attraktivt bu-, arbeids- og opplevingsområde
  • arbeide for å samordne og effektivisere den kommunale tenesteproduksjonen i regionen
  • utarbeide framlegg til strategiar for regional utvikling

Meir informasjon

For meir informasjon om HAFS Regionråd, kontakt Per-Arne Tveit på per.arne.tveit@hafsutvikling.no eller tlf. 915 89 681.