Møte om handel i Askvoll og Dale

Askvoll sentrumsgruppe og Butikknemnda i Dale inviterer til felles møte med fokus på HANDEL på begge sider av Dalsfjordbrua.

Stad: Askvoll Sjøbuer
Dato: 17. oktober
Tid: 19:00

Tema for møtet:

  • Mentor as presenterer  handelsanalysa gjennomført for Askvoll og Fjaler basert på 2015-tal og utviklinga dei siste 5 åra.
  • Expert Askvoll, På Håret frisør og MX-Sport i Dale gir sine innspel på korleis ein har opplevd endra struktur og handlemønster i sine bransjar. Innspela dannar  grunnlag for drøfting om kva som skal til for å auke handelen på begge sider av Dalsfjorden.

Vi spanderer  mat og drikke så det er flott om du melder deg på innan fredag 14. oktober til Linda Hovland.