Back to All Events

Møte og julemiddag i Solund

Bilete frå HAFS Utvikling sitt møte i Solund i september 2015.

Bilete frå HAFS Utvikling sitt møte i Solund i september 2015.

Solund Næringssamskipnad inviterer

  • alle næringsaktørar i Solund
  • kommunestyremedlemmar
  • avdelingsleiarar på Solund kommune

til møte og julemiddag.

Møteplassar er viktige for å skape positiv næringsutvikling, og vi vonar difor at mange har anledning å stille på dette treffet. Her vil du få tid og mogelegheit å snakke med fleire av dei viktigaste aktørane innanfor næringsutvikling i Solund. Tema for kvelden er næringsarbeid i 2016. 

Dato:   Fredag 27. november
Tid:      Vi byrjar med middag kl. 18.15. Informasjon og diskusjon ca. kl. 19.00.
Stad:   Solund Grendahus
Pris:     Middagen er gratis

Det er krav til påmelding dersom du ynskjer middag. Kontakt Mark Elvevåg på mark.elvevag@hafsutvikling.no eller tlf. 950 28 232 seinast onsdag 25. november.

Dersom du ikkje ynskjer å delta på middagen er du sjølvsagt velkomen frå kl. 19.00.

Vel møtt!

Styret i Solund Næringssamskipnad

Rolf Eide, leiar
Andreas Gåsvær
Linne Lending
Anne-Kari Reigstad
Kenneth Sæbø

Earlier Event: November 27
Frukostmøte og årsmøte i FNU
Later Event: November 28
Kurs i varme arbeider