Samfunnsentreprenørskap


Er du ein lokal eldsjel? Ønskjer du å få auka kompetanse på å drive utviklingsarbeid i ditt nærområde? Då er kurset i Samfunns-entreprenørskap kanskje noko for deg.

Fagkurset er eit unikt tilbod leia av Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB). Her er det svært dyktige og profilerte forelesarar, og innhaldet i kurset vert skreddarsydd for lokale forhold i HAFS. 

Målgruppa for kurset tilsette i kommunen, politikarar, representantar frå frivillig sektor, eldsjeler/initiativtakarar til lokale utviklingsprosjekt og representantar frå lokalt næringsliv.  

Alle samlingane vert i Hyllestad, men kurset er ope for alle interesserte i HAFS.
Førstemann til mølla!

Første samling vert 28.-29. september

Kurset har no to samlingar hausten 2015 og to samlingar vinter/vår 2016
1. samling: 28. - 29. sept. 
2. samling: 30. nov – 1. des
3. samling: 1. og 2. februar 2016
Eksamenssamling: 7. og 8. mars 2016