Kick-off reiselivsnæringa


Visit Fjordkysten inviterer til kick-off for reiselivsnæringa. Vi samlast på historiske Skjerjehamn 26.-27. januar til to spanande dagar med fagleg og sosialt innhald.

Foto: GS Foto

Foto: GS Foto

Dette er ein ypparleg anledning til å få fagleg påfyll og ikkje minst knyte nettverk med andre reiselivsbedrifter i regionen! Vi legg opp til ein Kick-Off med praktiske sesjonar, slik at alle som deltar får størst mogleg utbytte av samlinga. 

Sal er overordna tema for samlinga og vi har fleire spanande føredragshaldarar. Visit FjordKysten vil presentere sine satsingsområder, blant anna om stormturisme. Du får også høyre spanande innlegg frå lokale reiselivsbedrifter.

DESSE KJEM, KJEM DU?

Jon Morten Melhus er norsk forfattar, humorist og føredragshaldar. Han vil snakke om korleis humor og begeistring kan vere latterleg lønsamt! Etter eit inspirerande føredrag vil Melhus leie ein kreativ workshop, der ein i grupper arbeider med idear og løysingar på korleis ein skapar ei selgande vertskapsrolle. Melhus har brei erfaring frå næringslivet - blant anna som direktør for Den Norske Opera, Radio1, reklamebyråer m.m. 

Brian Baker kjem frå Boston, USA og har ei brei erfaring frå reiselisbransjen. Han har vore leiar i destinasjonsselskapet for New England og har gjennom 15 år reist verda rundt for å selge inn små regionar og utkantstrøk med stor suksess. I dag arbeider han med hotellbransjen, der han rettleiar mindre hotell til å bli like proffe som femstjerners hotell og til å lykkast i ein internasjonal marknad. Hans djupe forståing for vertskapsrolla og samarbeid mellom lokale aktørar er nøkkelen til suksess.

Jan Erik Fredriksen er gründer frå sogn som reiste til Island for 17 år sidan for å bli ekspert på adventure og som DMC-agent. Han skal ta oss med inn i sitt univers om korleis dei har klart å selge seg inn til over 600 reiseagentar i 23 land. Her får ein lære om nettverksbygging og relasjonssal, og korleis ein bruker digitale midlar som eit verktøy som utløyser sal.

PRAKTISK INFORMASJON

Samlinga foregår på Skjerjehamn i Gulen og vi legg opp arrangementet slik at det passar med ankomst av ekspressbåten. Ekspressbåten stoppar på Skjerjehamn i samband med arrangementet. 

Reiserute tysdag 26.januar - sørgåande rute:

Smørhamn 08.05
Florø 08.35
Askvoll 09.15
Krakhella 09.50
Ankomst Skjerjehamn 10.15

Om nokon ønskjer å komme mandagskveld er det mogleg mot eit tillegg i prisen. 

Retur onsdag 27.  januar - nordgåande rute:
Avreise Skjerjehamn ca 17.50
Krakhella 18.20
Askvoll 19.05
Florø 19.55
Smørhamn 20.20

Pris
Medlemmar kr 1.800,-
Ikkje-medlemmar kr 2.950,-

Prisen inkluderer overnatting m/frukost frå tirsdag-onsdag, deltaking på kick-off og alle måltid. 

Påmeldingsfrist: 20.januar.

Registrer di påmelding her: http://goo.gl/forms/f7ezcgXPVD 
OBS - bindande påmelding.  

Har du spørsmål om arrangementet?
Ta kontakt med Sara Marie Ytreøy i Visit FjordKysten på e-post saramarie@fjordkysten.no eller telefon 48 15 05 28.