Back to All Events

Informasjonsmøte om FoU

Stad: HAFS Utvikling as, Dale senter

Dato: Torsdag 22.september kl 17:00 – 19:00

Du vil få informasjon om Skattefunn og den nye utlysinga til det regionale forskingsfondet i informasjonsmøte om FoU.

  • Kan du nok om moglegheitene innanfor Skattefunn-ordninga?
  • Sit di bedrift på moglege løysingar eller spennande idear som kan bidra til nye berekraftige og klimavenlege innovasjonar basert på kompetanse innan hav- og energinæringar.
  • Eller sit du på nøkkelen til berekraftig matproduksjon eller idéar på nye matvareprodukt og vidareforedling?
  • Driv du med utviklingsarbeid innan offentlege ansvarsområde

Dag Lothe, Forskingsrådet og Arne Monrad Johnsen frå Regionalt forskingsfond Vestlandet vil gi informasjon om skattefunn og den nye utlysinga til det regionale forskingsfondet.

FoU-prosjekta skal ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar for bedriftene, og føra fram til innovasjonar og berekraftig verdiskaping i regionen. Regionale offentlege prosjekt skal ta utgangspunkt i strategisk viktige problemstillingar for offentleg sektor.

Sjå meir om utlysinga til Regionalt forskingsfond Vestlandet, med frist 12. oktober her. 

Velkommen

Earlier Event: August 29
Næringsmøte Værlandet
Later Event: October 17
Møte om handel i Askvoll og Dale