Etablerarkurs

No kan du delta på etablerarkurs. Regionsinndelinga er Nordfjord, Sunnfjord, HAFS og Sogn. Etablerarkurs er for deg som treng kompetanse og rådgjeving i samband med utvikling av eigen forretningside.

Etablerarkurs byggjer på Lean Startup: korleis redusere risiko og kostnader gjennom å lære av tilbakemeldingar frå marknaden og utvikle produkt/tenester som nokon er villige til å betale for. Lean Startup kan tilpassast alle typar verksemder. Her kan du lese meir om Lean Startup.

Kurset gir ein praktisk tilnærming til etableringsprosessen; korleis kjem du deg frå A til B ved oppstart av eiga verksemd. Gode døme undervegs bidreg til ein raskare læringsprosess.

Etablerarkurs går over tre samlingar, med to kveldssamlingar og ei samling med overnatting. Kursa er sponsa av fylkeskommunen. Det er gratis å delta.

Du finn meir informasjon på Driftig.no.